Comeback-team og combat-kampanje

Comeback-team og combat-kampanje

I natt norsk tid vil Mitt Romney offisielt akseptere nominasjonen til å bli presidentkandidat ved valet 6. november. Paul Ryan følgjer med som visepresidentkandidat – ein ung, intelligent herremann som ikkje brukar sparekniv, men øks, når han går laus på offentlege budsjett. Saman kallar dei seg «America’s Comeback team».

Norske politikarar drøftar om ein kan bruke meir pengar enn handlingsregelen. Ryan ville truleg karakterisert handlingsregelen som hemningslaust sosialistisk sløseri med sparepengane til barna våre. Paul Ryan prøver å gi kalkulatoren hjarte og menneskeleg andlet. Menneska kan gløyme draumar og framtidshåp dersom det ikkje er orden i milliardane.

Romney har valt sin «running mate» på bakgrunn av eitt spørsmål: Kven er det som styrkar mine sjansar mest i kampen om å bli den neste presidenten i USA?

Når Paul Ryan er svaret, fortel Romney oss at han satsar alt på eitt kort. Valkampen skal handle om økonomi. Eg tippa at Romney ville velje ein annan kandidat, senator Marco Rubio frå Florida. Han er noko mindre erfaren, men ei intelligent, politisk superstjerne. Han har cubanske foreldre, colombiansk kone og har mykje av den same høgreorienterte ideologiske plasseringa som Ryan. Ein kandidat som i større grad kunne utfylle Romney.

Kalkulator eller karisma
Nasjonale meiningsmålingar i USA har avgrensa interesse. Valet blir vunne i kvar enkelt stat etter prinsippet «the winner takes it all». Målingane viser at Romney står sterkt i Sørstatane og rada av statar midt på kontinentet frå nord til sør, som historisk skilte «Det ville Vesten» og det austlege USA.

Obama sine sterkaste område er vestkysten og den nordlege austkysten. For å bli president i USA, må ein vinne valet i statar som til saman gir 270 av totalt 538 valmenn. Dagens målingar syner at både Obama og Romney har om lag 190 sikre valmenn – daudt løp. Obama har ei svak leiing i statar som tilsaman gir 80-90 valmenn. I ein handfull statar er det heilt jamnt på målingane. Den som vinn flesteparten av «vippestatane», blir valt til president.

Eg trur det blir vanskeleg å bli president utan å vinne Florida – vippestat og fjerde største stat i USA. Eg er litt overraska over at Romney ikkje valte å ta med seg det største politiske talentet i Florida. Som 32-åring vart Marco Rubio valt til speaker i delstatsforsamlinga i Florida. I 2010 vart han valt til U.S. senator, med plass i utanrikskomiteen. I tillegg har han støtte frå Tea Party-rørsla. Rubio kunne representert ein «game change» i høve til latino-befolkinga, som er ei formidabel og voksande veljargruppe i mange viktige statar. Obama har hatt suverent grep om latinoane lenge.

Vi som har følgd Washingtonseminaret over år, og alle som kjenner både norsk og amerikansk politikk, veit at det er håplaust å samanlikne Noreg og USA. Likevel – dersom Obama sine valtaler frå 2008 hadde vorte framført på Høgre sitt landsmøte, ville han ha møtt trampeklapp. Ein må ganske langt ut på venstresida blant demokratane for å finne noko som minner om skandinavisk sosialdemokrati. Dei mest hardkokte republikanarane, som nå er godt representert på Capitol Hill, meiner på si side om at Obama er sosialist – minst. Dette framstår fengslande eksotisk på våre kantar.

“Friskt pust” og «Commander in chief»
Visepresidenten har liten formell makt. Under Bill Clinton sa ein gjerne at presidentfrua hadde større makt enn visepresidenten. Den uomtvistelege rolla er at visepresidenten skal kunne tre inn i presidentembetet dersom noko skulle setje presidenten ut av spel. Ein må kunne sjå for seg visepresidenten i rolla som «Commander in chief». Samstundes treng ein litt kjedeleg kandidat som Romney eit friskt pust i kampanjen sin. Paul Ryan er seriøs, streit og streng. Romney hadde trengt ein meir fargerik og folkekjær makker. Han lot den sjansen gå frå seg.

Valet av Sarah Palin i 2008 har vorte latterleggjort av mange. Men ho hadde evne til å tenne den konservative delen av det republikanske partiet – noko John McCain sleit med. Palin kom inn som ei energibombe som vitaliserte valkampen fundamentalt.

Med finanspolitikaren Paul Ryan som makker vil Romney at valkampen skal handle om ei sak, økonomi. Det skal handle om korleis USA skal gjenreise optimisme, stoltheit og vekst. Han har valt ein høgreorientert makker, som demokratane vil «elske å hate». Men Romney kunne ha valt ein meir spanande kandidat. Latinoen Rubio frå Florida, kunne gitt sårt trengt vitalitet inn i den republikanske kampanjen.

[Foto: Creative commons 2.0 by monkeyz_uncle]

Om skribenten

John-Ragnar er tilknyttet avdelingen for samfunnskommunikasjon. Han jobber med kunder i offentlig og privat sektor, innen strategisk og operativt kommunikasjonsarbeid, myndighetskontakt og medietrening. John-Ragnar er tidligere rådgiver for Høyres leder Erna Solberg og har erfaring fra Kommunal- og Regionaldepartementet og Stortinget, samt presseansvarlig for Høyres stortingsgruppe. Han er også tidligere leder av Unge Høyres Landsforbund og har bakgrunn som folkevalgt i Hol kommune, Buskerud fylkesting og som vararepresentant til Stortinget.