Kva du seier i forhold til kva du prøvar å seie

Kva du seier i forhold til kva du prøvar å seie

Dersom du er spreiar av «I forhold til-viruset» kan det du seier og det du prøvar å seie fort ende opp med å vere to heilt forskjellige ting. No når dei høgst infiserte politikarane ser ut til å ha byrja å ta medisinen sin, er det på tide at vi kommunikasjonsfolk gjer vårt for å utrydde språksjukdomen ein gong for alle.

Lenge har det sett ut som at alt håp var ute. Språkviruset har fått spreidd seg vilt og uhemma i mange år. «I forhold til» blei sett på trykk 44034 gonger i løpet av 2013, kor monge gonger det har blitt sagt på TV og radio i same tidsrom orkar eg ikkje eingong å tenke på. Wikipedia kallar feilbruken av uttrykket for forholdisme  – eg kallar det ein sjukdom.  Heldigvis fins det ikkje noko motstandsrørsle mot denne vaksinen – berre ignorans som lett kan kurerast med ein dose språkleg medvit.

Det er altså håp – for det kan sjå ut som om at verstingane, altså politikarane, har byrja å vaksinere seg og er på veg til å bli rehabilitert.

Ei ny søketeneste frå organisasjonen Holder de ord viser nemleg at bruken av «i forhold til» på Stortingets talarstol har gått ned frå over 2700 gonger i 2002, til under 500 i 2014.

Ifølge søketenesta, gjengitt på Framtida.no, er KrF verstingpartiet og Kristin Halvorsen den enkeltpersonen som brukar uttrykket mest, tett etterfulgt av Erna Solberg.

Det er herleg at politikarane byrjar å ta grep, sjølv om eg mistenker at vi framleis har ein lang veg å gå. Vi kommunikasjonsfolk bør ikkje berre følgje etter, vi bør bane veg for denne utviklinga. I mange tilfelle har vi kanskje gjort det også. Er det nokon som treng å ha eit medvite forhold til språket så er det vi og kundane vi rådgir, men vi må nok på kur vi også.

Eg er ein av dei som legg merke til det kvar gong nokon brukar uttrykket «I forhold til» feil. Eg får nervøse rykningar i augeloket av det. Eg har ingen empiri på dette, men eg merkar meg at frekvensen av rykningar i augelokket mitt er jamt over ganske høg. Når eg ser på Dagsnytt 18. Når eg høyrer Politisk kvarter. Når eg overhøyrer samtalar mellom politikarar, PR-folk eller næringslivsfolk på frukostseminar, på fagdagar, i foredrag og møter, ja, til og med blant eigne vener og kollegaer. Sorry folkens. Men vi har ein jobb å gjere.

«i forhold til» er eit uttrykk som i hovudsak skal brukast når ein skal samanlikne noko med noko anna. Misbruket vi må få bukt med er bruken av «i forhold til» når ein heller kan bruke korte, presise preposisjonar. Du kan ofte erstatte «I forhold til» med «om», «for», «i», «med», «overfor» eller «på». Andre gongar kan du også bruke «når det gjeld», «med tanke på», «på bakgrunn av», «vurdert ut frå» eller «angåande».

Språklege nyansar blir borte når «i forhold til» blir brukt i annakvar setning. Det er gale nok, men det verste er at misbruk av uttrykket kan gi setninga ei heilt ny meining, og bodskapen din døyr og oppstår som noko heilt anna.

Eit døme:

Pakistan er et veldig viktig land i forhold til freden i verden.
- Erna Solberg

Er Pakistan eit viktigare land enn freden i verda? Nei.  Det Erna prøvar å seie er at Pakistan er eit veldig viktig land for freden i verda.

Eit døme til:

Tiden er kommet til at vi bidrar i forhold til å redusere utslipp av klimagasser. 
-Jens Stoltenberg

Er det at vi bidreg viktigare enn å redusere utsleppet av klimagassar? Nei – Bodskapen er nok her at tida er komen for at vi bidreg til å redusere utsleppet av klimagassar.

Dersom du ikkje kan bytte ut «i forhold til» med «samanlikna med» utan at meiningsinnhaldet bli endra, bør du altså prøve å finne eit anna ord. Ikkje la publikum drive med gjetteleiken for å finne ut kva du meiner. Vær presis.

- «I forhold til» brukast ofte for å utvide setningane og gi den som snakkar meir tid, ofte utan at dei er klare over det sjølve, sa leiaren av Språkrådet Jan Olav Fretland til Aftenposten Kultur 13. april i fjor.

Kjenner du deg att?

Du står der på talarstolen, framfor mikrofonen, i samtale med sjefen ved kaffimaskina eller på telefon med ein viktigper. Du kjenner du skulle hatt litt tid til å tenke ut kva du skal seie. Du kjenner trangen kome. Viruset boblar bak hjernebarken og lagar vibrasjonar i stemmebandet ditt. Kjemp imot. Ta ein kunstpause, ein sup av kaffien eller eit glas vatn, og prøv å kom på ein enkel, kort preposisjon som kan erstatte det du er på veg til å seie. Så seier du det og verda blir ein litt betre stad i forhold til det den var før.

Er du framleis usikker?
Les Språkrådet sine ni forholdsreglar, eller ta kontakt med Gambit sine språknerdar.

For fleire eksempel på feilbruk av uttrykket til skrekk, advarsel og tidvis humor, følg @iforholdtil på twitter.

Om skribenten

Susanne er tilknyttet den kreative byråenheten Bisqit, men hennes engasjement for godt språk kjenner ingen avdelingsgrenser. Susannes ekspertise innen tekstproduksjon og innholdsformidling er tilegnet gjennom erfaring som nyhetsjournalist og programleder i NRK og lang erfaring som redaktør og veileder for ungdomsjournalister i UKM Norge. Susanne har også jobbet med kommunikasjon på Oslo Lufthavn, har en bachelorgrad i PR, kommunikasjon og media fra Høgskulen i Volda, har studert design og kommunikasjon i digitale medier, og er en engasjert skribent, foredragsholder og blogger.