Mindretals-Mitt vinn nominasjonen

Mindretals-Mitt vinn nominasjonen

Det republikanske nominasjonssirkuset i USA nærmar seg klimaks. To politiske retningar kjempar mot kvarandre. Dei sentrumsorienterte og moderate republikanarane er mest opptekne av å få den amerikanske økonomien på beina igjen. I den andre retningen finn vi dei svært sosialkonservative kandidatane. Dei vil ha ein marginal føderalstat og er meir enn normalt opptekne av verdispørsmål, «Guns, Gays and God». Det er dei konservative som utgjer grunnfjellet og er mest politisk aktive. Likevel kjem mindretalet og den moderate Mitt Romney til å vinne fram. Kanskje kjem han til å nå heile vegen til Det kvite Hus.

Korleis kan dette gå til?
Romney har lege urovekkande stabilt på meiningsmålingane lenge, med om lag 25 % oppslutnad nasjonalt. Dei meir konservative kandidatane har vore mange, og dei har veksla på å ligge høgt på målingane. Rick Perry var opp som ein bjørn og ned som ein skinnfell, fordi han viste seg å vere elendig i debattar. Pizzakongen Herman Cain kom som ei kule, men viste seg å ha vanskar med å styre dei biologiske driftene sine. Norsketta Michelle Bachmann var veltalande og karismatisk, men var ikkje kompetent. Superliberalisten Ron Paul er framleis med i kampen, men stiller nærmast i eiga klasse. Han trekker til seg mange veljarar som kjem til å bli sitjande heime på valdagen dersom presidentkandidaten er ein tradisjonell republikanar.

Dei konservative veljarane, som eigentleg er i fleirtal på republikansk side, spreier røystene sine på mange kandidatar. Dei moderate har éin kandidat, Mitt Romney. Jon Huntsman, som kunne vore ein moderat utfordrar for Mitt Romney, er ute av dansen og gir si støtte til Mitt Romney. Men Huntsman kava rundt 2-prosenten på målingane og var aldri med i kampen. Vidare har både Herman Cain, Michelle Bachmann og Rick Perry meldt pass og trekt seg frå den vidare valkampen. Dei konservative kandidatane er nå to, Newt Gingrich og Rick Santorum.

Newt Gingrich er den mest valbare blant desse to og kjem til å stå sterkast blant dei konservative, men Rick Santorum kjem til å vere med i kampen lenge nok til at det konservative løpet er køyrt. Medan dei mange konservative kandidatane har kjempa mot kvarandre, i staden for å samle seg om éin kandidat som kunne vinne over Mitt Romney, ruslar Mitt Romney nå steg for steg framover på målingane. Fleire og fleire innser at det berre er Mitt Romney som har ein reell sjanse til å slå Obama i mann-mot-mann kampen som skal stå til slutt, utpå hausten i år.

Hadde dei konservative republikanarane samla seg om éin kandidat tidleg i valkampen, hadde løpet vore køyrt for Mitt Romney. Newt Gingrich er på frammarsj og vann ein solid siger i South Carolina. Men det er ikkje tilstrekkeleg til at han kan hamle opp med Mitt Romney. Dermed blir det Mindretals-Mitt som blir republikanarane sin kandidat. Han har ein sjanse til å kapre mange veljarar som står i midten i det politiske landskapet. Det er desse veljarane som avgjer om det blir Mitt Romney eller Barack Obama som er president i USA om eitt år. Den kampen kan bli spanande og jamn…

Foto: CC BY-SA 3.0 by Gage Skidmore (Wikimedia)

Om skribenten

John-Ragnar er tilknyttet avdelingen for samfunnskommunikasjon. Han jobber med kunder i offentlig og privat sektor, innen strategisk og operativt kommunikasjonsarbeid, myndighetskontakt og medietrening. John-Ragnar er tidligere rådgiver for Høyres leder Erna Solberg og har erfaring fra Kommunal- og Regionaldepartementet og Stortinget, samt presseansvarlig for Høyres stortingsgruppe. Han er også tidligere leder av Unge Høyres Landsforbund og har bakgrunn som folkevalgt i Hol kommune, Buskerud fylkesting og som vararepresentant til Stortinget.