Når språket muterer

Foto: Gambit/Freepik

Når språket muterer

Er du ein av dei som stiller spørsmålsteikn ved ting? Då kan du like godt bøye deg i hatten.

Uttrykk og ordtak kan ofte vere gode språklege hjelpemiddel for å formidle ein bodskap, men når desse blir blanda saman eller modifisert er det opp til oss språknerdar å slå alarm. I verste fall kan bodskapen forsvinne og setninga forandre meining. I beste fall er kan ein få seg ein god latter.

Har du nokon gong teke deg sjølv i å stille spørsmålsteikn ved noko? Dersom det ikkje handlar om interiørdesign, er nok tilfellet at du har rota litt med uttrykka dine. Du er ikkje åleine, men det er for så vidt ikkje forfattaren bak uttrykket å bøye seg i hatten, Heidi Weng, heller. Etter at ho lanserte uttrykket under OL i Sotsji i 2014 har uttrykket breidt om seg i det ganske land, mest meint som humor etterfulgt av ein referanse til opphavet. Men frasen å stillle spørsmålsteikn er noko eg både høyrer og les ofte, utan eit snev av humor, ironi og referansar. Det er ein lumsk liten feil som kan hende den beste (eg lovar!), eg har teke meg sjølv i å seie det sjølv.

Men det var før. No har det hamna i rekkja av språkfeil eg ikkje kan unngå å legge merke til. Slik som i forhold til.

Bibelen, eller ordboka som andre kallar ho, seier ikkje mykje om kroppslege krumspring nedi hattar eller andre klesplagg ingen går med lenger, Ho er derimot ganske tydeleg på at du kan sette eit spørsmålsteikn eller stille spørsmål etter ei spørjande hovudsetning, eller i margen ved noko som er tvilsamt eller utydeleg. Du kan også sjå ut som eit einaste stort spørsmålsteikn dersom noko verkeleg ikkje gir meining.

Det du derimot ikkje kan, er å stille spørsmålsteikn. Unntaket må vere om du er ein av dei som likar å stille opp bokstavar i bokhylla di til pynt, for då kan du for så vidt stille opp spørsmålsteiknet saman med «home», «love», «food» og andre ord du vil dekorere heimen din med.

Samanblanding av uttrykk er kjelde til både humor og frustrasjon hos språkinteresserte som meg. Ikkje sjeldan ramlar eg innom nettartiklar, kommentarfelt, radiosendingar, facebookstatusar eller TV-reportasjar der ord og uttrykk blir stokka om og blanda saman.

Språkrådet nemner typiske blandingstilfelle som svin på stien. Det er ein mutasjon av uttrykket svin på skogen som betyr at ein har gjort noko ulovleg eller ufint som ikkje er kjent. Ei vanlegare samanblanding av to uttrykk er hytt og pine. Det er dradd saman av hytt og vêr, som tyder å svare på måfå, og kraftuttrykket død og pine.

Språket utviklar seg stadig, og eg kjenner fleire som brukar hytt og pine i daglegtalen enn hytt og vêr, meg sjølv inkludert. For meg er det likevel viktig å vite kvar eg har det frå. Eg likar å diskutere og undre meg over både store og små språklege fenomen, og eg er fullstendig klar over at eg er delaktig i at språk og uttrykk utviklar seg og får ny meining. Kanskje vil vi sjå fleire muterte uttrykk i framtida som kan fungere like godt og gi like god meining som dei gamle.

Men – det må vere måte på. Enkelte delar av den språklege utviklinga må få litt motstand. Noko må ein sette spørsmålsteikn ved. Eller?

Om skribenten

Susanne er tilknyttet den kreative byråenheten Bisqit, men hennes engasjement for godt språk kjenner ingen avdelingsgrenser. Susannes ekspertise innen tekstproduksjon og innholdsformidling er tilegnet gjennom erfaring som nyhetsjournalist og programleder i NRK og lang erfaring som redaktør og veileder for ungdomsjournalister i UKM Norge. Susanne har også jobbet med kommunikasjon på Oslo Lufthavn, har en bachelorgrad i PR, kommunikasjon og media fra Høgskulen i Volda, har studert design og kommunikasjon i digitale medier, og er en engasjert skribent, foredragsholder og blogger.