Tips til ein god skriveprosess

Tips til ein god skriveprosess

Nøkkelen til ein god tekst er ein god prosess. Her er nokre tips og triks henta frå retorikken og journalistikken.

Alle jobbar, tenker og skriv på forskjellige måtar, men det fins nokre enkle grep som alle kan dra nytte av i tekstarbeidet, (nesten) uansett kva slags tekst du skal skrive. Journalistar, kommunikatørar, reklamefolk, bloggarar, forfattarar og marknadsførarar skapar tekstar med forskjellige mål, men nokre mål har vi til felles: Vi vil fange, og halde på, lesaren. Vi vil få bodskapen vår fram.

Sjekk ut lista over gode ressursar nederst i teksten!

Vel eit fokus – og hald deg til det
Det viktigaste tipset først: Det viktigaste i teksten bør kome først. Før du startar å skrive, plukk ut hovudpoenget i teksten, altså det viktigaste du skal formidle. Fjern alt som ikkje er direkte relevant for dette. Meininga er at du ikkje skal miste formålet med teksten av synet: Kva skal du oppnå, kvifor skal du skrive teksten, kva slags inntrykk skal lesaren site att med?

Å velje eit fokus som skal følgje deg gjennom heile skaparprosessen er ein metode NRK-journalistar brukar både i TV-, radio- og nettjournalistikk. Som journalist får du ikkje lov å gå vidare med arbeidet før vaktsjefen har godkjent fokuset ditt.

Fokuset skal vere konkret. Skriv dette ned så kortfatta som mogleg, gjerne i éi setning. Denne setninga skal leie deg gjennom resten av prosessen. Alt du skriv skal ha relevans til fokuset. Dette hjelper deg å gjere bevisste vurderingar undervegs av kva du skal ha med og kva du skal fjerne. Slik unngår du å fylle opp teksten med ikkje-relevant informasjon som stel merksemda frå poenget.

Stel frå retorikken
Alle brukar retorikk, men ikkje alle gjer det bevisst. Retorikk er eit sett med verktøy som kan gjere språket effektivt når du skal overtale eller overbevise. Du kan bruke grunnsteinane i retorikken når du skal utvikle ein tekst.

  • Inventio: I første fasen samlar du materiale, informasjon, fakta og argument. Hugs å halde deg til fokuset. Alt du samlar inn skal vere relevant for fokussetninga du starta med. Alt anna skal vere med som resultat av eit bevisst og reflektert val.
  • Dispositio: Organiser materialet i ei rekkefølge som gjer det mulig for ein mottakar å forstå kva du meiner.

Ein journalistisk tekst er ofte utforma som ein omvendt pyramide:

omvendt pyramide750
Dette er ein journalistisk skriveteknikk der viktigaste er plassert øverst. Konklusjonen kjem først, så blir innhaldet meir detaljert og mindre viktig lenger nede. Ein spennande tittel er viktig får å få lesaren interessert. Men sjølv når du har fått lesaren interessert, er det ikkje sikkert han orkar å lese alt. Ein nettlesar er utolmodig og les – dessverre – sjeldan ein artikkel heilt til slutt. Skriv derfor teksten din på ein slik måte at lesaren kan hoppe av når som helst utan at han går glipp av det viktigaste poenget. Prinsippet fungerer like godt i facebookstatusar, reklametekstar, pressemeldingar, blogginnlegg og epostar.

  • Elocutio: Dette er den siste retoriske grunnsteinen. Med ein god disposisjon som grunnlag kan du kose deg med skrivinga og fokusere på kva slags språk du skal bruke. Tenk på målgruppa og kva denne vil sette pris på. Hugs: Alle målgrupper set pris på korrekt grammatikk og fråveret av unødige fyllord og klisjéar.

Få til slutt ein ven eller kollega til å lese over teksten din, både for å lese korrektur og for å sjå om innhaldet blir forstått slik som du hadde tenkt det.

Nyttige ressursar:
Calvert, Christine: Skriv så det selger! En bok for deg som vil overtale og overbevise (2012: Universitetsforlaget)
Søyland & Fretland: Norske skriveregler, Reglene du trenger for å skrive på papir og skjerm (2015: Samlaget)
Dalen, Ove: Effektiv nettskriving (2009: Cappelen Damm)

Og…

Ordboka
Språkrådet 
Om retorikk på wikipedia 
Nasjonal digital læringsarena – om APUS-modellen i radioreportasje

Om skribenten

Susanne er tilknyttet den kreative byråenheten Bisqit, men hennes engasjement for godt språk kjenner ingen avdelingsgrenser. Susannes ekspertise innen tekstproduksjon og innholdsformidling er tilegnet gjennom erfaring som nyhetsjournalist og programleder i NRK og lang erfaring som redaktør og veileder for ungdomsjournalister i UKM Norge. Susanne har også jobbet med kommunikasjon på Oslo Lufthavn, har en bachelorgrad i PR, kommunikasjon og media fra Høgskulen i Volda, har studert design og kommunikasjon i digitale medier, og er en engasjert skribent, foredragsholder og blogger.